Då eg starta opp att det vesle føretaket «Språkråd frå Vinje» etter 12 år, var det bruk for ei nettside og ei Facebook-side. Eg nytta meg av pakketilbodet frå DataService Rjukan AS, og fekk framifrå og svært kompetent hjelp av webredaktør Hilde Haugen i Kviteseid til å setje opp innbydande og funksjonelle sider, raskt og effektivt. No ser eg fram til eit like godt og triveleg samarbeid om drifta av sidene.
Attendemelding i høve oppdrag for vårt firma hausten 2015.
Lofthus LiftJig AS ved underteikna gjekk inn i eit samarbeid med adressat for å utarbeide ny nettside for vårt firma, med basis i at denne skulle vere oppe i løpet av 2015. Det vart den!
Vi har hatt eit veldig bra samarbeid med Hilde Haugen som dykkar utførande på design og fullføring. Vi har så langt bare positivt å seia om resultatet og ser fram til vidare samarbeid.